UDI fyller heile kvoten i år
Please note that not all the content on this page is available in English.
Dei siste åra har kvoten vore på 3 000 personar, men på grunn av koronapandemien og globale reiserestriksjonar vart 608 plassar overført frå 2020 til i år.
- I år har vi gjennomført flyktningintervjua både via Teams og no i haust fysisk i enkelte av landa. Det har vore ein formidabel innsats både av UNHCR, IOM og folka våre, seier UDI-direktør Frode Forfang.
Per 1. desember har UDI gitt innreiseløyve til 3 151 overføringsflyktningar. Dette inkluderer også 51 relokaliserte syrarar frå Hellas og nær 800 evakuerte frå Afghanistan.
I desember har det vore to større uttak i Rwanda (ekstern nettstad) og Libanon, som vil bidra til å fylle opp dei siste 457 plassane.