UDI fjernintervjuar framleis overføringsflyktningane
Please note that not all the content on this page is available in English.
Kvoten for overføringsflyktningar er i 2021 er sett til 3 000. I tillegg er 608 ubrukte plassar frå i fjor overført til i år.
Den pågåande pandemien med reiserestriksjonar og høgt smittetrykk, forhindrar fysiske intervju av flyktningane. Derfor har UDI så langt i år berre gjennomført fjernintervju, som er meir arbeidskrevjande å leggje til rette for. Intervju ansikt til ansikt er framleis den føretrekte metoden for uttak.
900 så langt i år
Vi har innvilga litt under 900 overføringsflyktningar så langt i år. Det har vorte gjennomført fjernintervju med flyktningar i Uganda, Libya, Kenya, frå transittsenteret og leirar i Rwanda, Irak og Libanon.
Dei største nasjonalitetsgruppene innvilga så langt i år er syrarar, kongolesarar, eritrearar, sudanske og sørsudanske flyktningar.
Med planlagde fjernuttak resten av året vil vi ha innvilga 2 200–2 400 flyktningar ved utgangen av 2021.
Dersom det igjen blir mogleg å gjennomføre fysiske uttak mot slutten av året, vil dette talet kunne aukast noko. For å kunne gjennomføre fysiske uttak, må smittesituasjonen ikkje berre vere betre i Noreg, men også i landa der flyktningane oppheld seg.
Reisa til Noreg
Det er omfattande covid-19-utbrot i fleire av landa der flyktningane reiser frå. Det har medført at reisa til Noreg så langt i år, har teke lengre tid enn det UDI føresette på byrjinga av året.
Dette forseinkar ei rekkje ledd vidare i prosessen: Kulturorientering til flyktningane blir forseinka, kapasiteten hos ambassaden til å utskrive reisedokument blir redusert, det tek lenger tid å få utreiseløyve for flyktningane, og flyktningane eller familiemedlemmene deira kan vere smitta av covid-19, slik at reisa må utsetjast.
Innreisekarantene
Flyktningene som kjem til Noreg, må i innreisekarantene i busetjingskommunen, som regel i bustaden der flyktningane skal halde fram med å bu. Flyktningane må teste seg for covid-19 ved framkomsten til Noreg. Testen blir gjennomført ved testsenteret på Oslo lufthavn Gardermoen (OSL). Berre i tilfelle der testen påviser smitte av covid-19, vil flyktningane bli viste til karantenehotell.
Så langt i år har det komme noko over 500 overføringsflyktningar til Noreg. Det er ytterlegare over 2 000 i prosess for å reise hit. Dei 2 500 er både flyktningar som fekk innreiseløyve i 2020 og så langt i år.
Det er ikkje realistisk å forvente at meir enn 200 personar til som vi innvilgar før sommaren, kan komme i år. Dette gir totalt ein prognose for innkomstar i 2021 på litt over 2 700. Flyktningar som får innvilga innreise etter sommaren, vil komme i 2022.