Nye rammeavtalar for asylmottak


UDI lyser no ut inntil 60 nye rammeavtalar for drift av asylmottak over heile landet.

Published: 04.11.2021

Det vil bli kunngjort tolv rammeavtalar i kvar av UDIs fem regionar (eksternt nettsted). Dei tolv avtalane kan gi inntil 5 000 plassar per region.

Tilbodsfristen er 20. desember og tildelinga vil skje i februar. I tre av UDIs regionar, nord, vest og sør, vil det straks etter tildelinga bli kunngjord minikonkurransar blant dei nye kontraktshaverne om å etablere eitt mottak i kvar region.

Talet på nye asylsøkjarar varierer mykje over tid. Behovet for innkvartering av asylsøkjarar er derfor uføreseieleg både som følgje av variable innkomstar og kor lang tid det tek å behandle asylsøknadene.

For å dekkje dette varierande behovet for innkvarteringskapasitet, også i situasjonar med raske og store endringar, treng UDI desse rammeavtalane (såkalla nivå 2).

UDI inngjekk sommaren 2019 rammeavtalar for drift av basismottak (nivå 1). Basismottak er ein kjerne av vel ti mottak som blir drivne med lange kontraktar med stabilt høgt belegg.

Did you find what you were looking for?