Hans Majestet Kongen besøkjer UDI akuttinnkvarteringa si for flyktningar på Helsfyr
Please note that not all the content on this page is available in English.
Pressemelding frå arrangør UDI.
Dato: Fredag 18. mars 2022
Tid: kl. 15.30-16.30
Stad: Scandic Hotell Helsfyr – som blir nytta som akuttinnkvartering av Ukrainske flyktningar. Innspurten 7, 0663 Oslo
Hans Majestet Kongen besøkjer UDI si akuttinnkvartering på Helsfyr i Oslo, for å få ei orientering om arbeidet som no blir gjort over heile Noreg for å få flyktningar frå krigen i Ukraina. Kongen skal også møte nokre av flyktningane.
Kongen blir motteken av Oslo-ordførar Marianne Borgen og direktør i UDI Frode Forfang.
Pressekontakt og akkreditering:
Presse som ønskjer å dekkje Kongens besøk blir bede søkje akkreditering før 18. mars kl.12:00 på e-post til Vibeke Schjem, visc@udi.no.
Det er ønskjeleg at journalistar og fotografar kontaktar Vibeke Schjem, senior presserådgivar Utlendingsdirektoratet (UDI) før besøket, slik at rett informasjon blir gitt.
Vi gjer merksam på at det er svært avgrensa moglegheiter for presse på innsida av hotellet, så orienteringa som blir gitt Kongen blir dekt av pool (NRK/NTB)