Forventar nedgang i asylsøkarar


UDI har justert prognosane for 2024

Published: 18.10.2024

– Vi får inn færre søknader, noko som heng saman med at det kjem færre fordrivne frå Ukraina.

Det seier Stephan Mo, direktør for Styring og regelverk i UDI. Han peikar på at regjeringa har stramma inn ordninga med kollektiv beskyttelse, og at dei som kjem frå område som blir rekna som trygge frå og med 28. september, får asylsøknaden handsama individuelt.

– Det er ein del av bakteppet når vi no justerer ned prognosane for søknader om kollektiv beskyttelse frå 24 000 til 18 000. Samstundes ventar vi å handsame 67 800 forlengingar av kollektiv beskyttelse frå ukrainarar som allereie er her, held Mo fram.

Talet på einslege mindreårige asylsøkarar frå Ukraina er derimot venta å stige. Anslaget er justert opp frå 600 til 900 søkarar.

– Men vi trur det blir færre einslege mindreårige frå andre land. Dette talet justerer vi ned frå 500 til 400.

Mo er tydeleg på at dette er berekningar, og ikkje ein fasit på kva dei endelege tala blir.

Andre sakstypar justerast også ned

Prognosane for ordinære asylsøknader er sett ned frå 5 500 til 5 000. Mange av desse asylsøkarane kjem frå Syria, Tyrkia og Eritrea, som er dei tre største asylsøkarlanda etter Ukraina.

Rundt 1 000 av dei ordinære asylsøkarane vil truleg vere ukrainarar som ikkje fell inn under ordninga med kollektiv beskyttelse.

UDI ventar også å få inn færre av sakene som ikkje handlar om beskyttelse, som familieinnvandring og statsborgarskap, fortel Mo.

– Vi ventar ein nedgang i saker vi får inn, det vil seie søknader og klagar. Vi justerer også ned det venta talet på saker forvaltinga sjølv opprettar, til dømes saker der vi vurderer å kalle tilbake eit løyve og utvisingssaker.

Lågare behaldning ved årets slutt

UDI lagar jamleg prognosar. Mellom anna anslår vi kor stor behaldninga av saker kjem til å vere på slutten av året.

Dette talet er justert ned med i overkant av 5 000 saker, samanlikna med tidlegare berekningar.

– Vi trur vi vil lande på rundt 55 000 saker. Ved starten av året hadde vi omtrent 56 000, så det ligg an til ein reduksjon på rundt 1 000, avsluttar Mo.

Did you find what you were looking for?