Fakta om behovet for sesongarbeidarar


På grunn av koronakrisa fryktar norske bønder og andre arbeidsgivarar mangel på sesongarbeidskraft frå utlandet. Dette gjeld spesielt frå land utanfor EØS-området, som Ukraina og Vietnam.

Published: 01.04.2020

Sesongarbeidarar i 2019

I fjor kom 3 700 personar frå land utanfor EØS-området til Noreg på sesongarbeidsløyve. Omtrent 70 prosent jobba i jordbruksbransjen. Halvparten av dei kom frå Vietnam og 30 prosent frå Ukraina. Nest største bransje var skogbruksbransjen. Ingen andre bransjar utgjorde meir enn 10 prosent av det totale behovet for sesongarbeidarar. 

Vår og sommar er viktige månader for sesongarbeid. Over 75 prosent av arbeidarane kom til Noreg mellom starten av april og slutten av juli. Eitt tusen sesongarbeidarar frå tredjeland kom i juni åleine.  

Politiske tiltak 

Den største gruppa arbeidstakarar frå utlandet kjem likevel frå EØS-land. Desse arbeidstakarane har rett til å arbeida i Noreg, men dei må registrera seg hos norske styresmakter. Det er derfor opna for innreise for EØS borgarar som jobbar i ei næring med kritisk behov for arbeidskraft, slik som jordbruk.  

Gyldige sesongarbeidsløyve kan forlengjast, slik at dei som er i landet no kan vera her i lengre tid. Dette tiltaket kan dekkja opptil ti prosent av det årlege behovet, men det føreset at ein del sesongarbeidarar endrar bransje og arbeidsgivar.

Did you find what you were looking for?