11 000 familieinnvandrarar i fjor
Please note that not all the content on this page is available in English.
Øvst på lista er 975 indarar, 923 filippinarar og 902 syrarar. Deretter følgjer Thailand og Eritrea. Borgarar frå Norden eller EØS er ikkje med i oversikta.
Viss ein splittar lista opp etter bakgrunnen til den personen som er i Noreg, kom ein dryg tredel av familieinnvandrarane til ein norsk eller nordisk person (3 930). Dei neste kategoriane er familieinnvandring til ein utanlandsk arbeidstakar med opphald i Noreg (2 484), til ein flyktning (1 713) eller til ein utlending som har fått permanent opphald (1 547).
På lista over nasjonalitetar som kom til ein norsk eller nordisk person, er Thailand, Filippinane og USA på topp.
Tilsvarande for dei som kom til ein utanlandsk arbeidstakar i Noreg, toppar India, USA og Serbia lista.
Dei som fekk innvilga gjenforeining med ein flyktning, kjem primært frå Syria, Eritrea og Somalia, medan gjenforeining med ein utlending som har fått permanent opphald, blir toppa av Eritrea, Somalia og Filippinane.
84 prosent av alle som søkte, fekk ja. På statistikksidene blir også vist innvilgingsprosenten per nasjonalitet.
Sjå all statistikk om familieinnvandring på UDI sine nettsider.