Kravspesifikasjonar


Kravspesifikasjonane angir krava som UDI stiller til drift av asylmottak. Dei er eit vedlegg til avtalen og dannar grunnlag for kontroll.

Dokumentet «generelle krav til drift av asylmottak» gjeld for alle asylmottak (bortsett frå Nasjonalt ankomstsenter og akuttinnkvarteringar). Her har vi samla krava som er felles for dei ulike mottakstypane. Alle mottakstypane og buløysingane har også eigne «plasspesifikke» kravspesifikasjonar som kjem i tillegg til dei generelle krava. Alle kravspesifikasjonane har den same kapittelinndelinga, slik at det skal vera lett å finna fram på tvers av dokumenta.