Forklaring til dei ulike dokumenttypane
Please note that not all the content on this page is available in English.
Kravspesifikasjonar
Kravspesifikasjonane angir krava som UDI stiller til drift av asylmottak. Dei er eit vedlegg til avtalen og dannar grunnlag for kontroll.
Dokumentet «generelle krav til drift av asylmottak» gjeld for alle asylmottak (bortsett frå Nasjonalt ankomstsenter og akuttinnkvarteringar). Her har vi samla krava som er felles for dei ulike mottakstypane. Alle mottakstypane og buløysingane har også eigne «plasspesifikke» kravspesifikasjonar som kjem i tillegg til dei generelle krava. Alle kravspesifikasjonane har den same kapittelinndelinga, slik at det skal vera lett å finna fram på tvers av dokumenta.
Rutinebeskrivingar
Rutinebeskrivingar utdjupar krava i kravspesifikasjonane og beskriv korleis ulike oppgåver på asylmottaket skal løysast. Dei er eit vedlegg til kravspesifikasjonane/rammeavtalen og dannar grunnlag for kontroll.
Retningslinjer
Retningslinjene regulerer rettar og plikter til bebuarane i asylmottaket eller i enkelte tilfelle eit tillegg til avtalen som det er linka til i avtalen eller i styringsdokumenta.
Skjema og vedlegg
Skjema og vedlegg som asylmottaket skal bruke til rapporteringar eller for å melde frå om ulike forhold til UDI eller andre instansar.
Rettleiarar/tiltaksskort
Veiledere og tiltaksskort beskriv meir utdjupande korleis mottaka kan løyse dei ulike oppgåvene. Dei skal fungere som støtte for mottakstilsette i det daglege arbeidet.