Asylmottak Barnehage og skule for barn som er asylsøkjarar


Barnehage

Barn som bur i asylmottak, har ikkje rett til barnehageplass. Det får dei først viss dei får opphaldsløyve i Noreg, blir varig busette i kommunen og oppfyller resten av vilkåra i barnehageloven § 16 (eksternt nettsted).

Kommunen kan svært gjerne tilby barnehageplass til barn som bur i asylmottak likevel. Då utbetaler UDI eit tilskot til kommunen. Storleiken på tilskotet er basert på kor mange plassar asylmottaket rapporterer at kommunen stiller til disposisjon. Tilskotet inkluderer foreldrebetaling og kostpengar.

Å gå i barnehage vil bidra til ei normalisering av kvardagen for barna, og vil ha ein positiv innverknad på utviklinga deira, den psykososiale helsa, norskopplæring og integrering. Foreldra får avlasting og større høve til å delta i norskundervisning og på andre aktivitetar.

Du kan lese meir om tilskotsordninga og sjå kva satsar som gjeld i retningslinja UDI 2011-025 Tilskot til vertskommunar for asylmottak og omsorgssenter, punkt 3.5. (eksternt nettsted)

Grunnskule og vidaregåande skule

Barn som er under 16 år har rett og plikt til grunnskuleopplæring. Dette gjeld også for barn som er asylsøkjarar. Kommunen der barnet bur har ansvaret for å tilby grunnskuleopplæringa.

Nokre asylsøkjarar som er under 18 år har rett til vidaregåande opplæring etter søknad. Det er Utdanningsdirektoratet som bestemmer reglane om skulegang for asylsøkjara (eksternt nettsted).