Kommunen og mottaket
Please note that not all the content on this page is available in English.
Viktig informasjon om asylmottak
-
Informasjon frå Landinfo om befolkninga i Ukraina
Her finn du generell bakgrunnsinformasjon om befolkningen i Ukraina fra Landinfo (eksternt nettsted). Informasjonen vil gi deg betre kunnskap om dei ukrainske flyktningane som kjem til Noreg og som skal busetjast.
-
Kva er eit asylmottak?
Kort sagt er eit asylmottak
- eit frivillig butilbod for asylsøkjarar.
- bemanna av dei som driv mottaket på dagtid.
- ein stad med bebuarar som har rett til offentlege tenester på lik linje med andre innbyggjarar i kommunen.
Ankomstsenter
Ny ordning frå 2015. Samordna registrering av asylsøkjarar. Prosessen på mottakssenter:
- Registrering hos politiet, mellom anna identitet og reiserute
- Registrering i UDIs asylmottakssystem
Etter nokre dagar blir flytta asylsøkjarane vidare til eit anna mottak.
Transittmottak
- Mottak der asylsøkjarar bur i ein kortare periode i starten av opphaldet sitt.
- Eigne transittmottak for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år.
Ordinære mottak
- Fleirtalet av asylmottak er ordinære mottak.
- Asylsøkjarar bur vanlegvis i ordinære mottak medan søknaden deira blir behandla. Dei bur også i desse mottaka medan dei ventar på busetjing eller retur.
- Einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år får tilbod om å bu i eigne mottak eller avdelingar som er tilpassa behova deira. Desse mottaka er døgnbemanna, og som regel mindre enn andre mottak.
Tilrettelagde avdelingar
- Tilbud som er tilpassa asylsøkjarar med fysiske eller psykiske hjelpebehov.
- Primært for asylsøkjarar med psykiske plager, men som ikkje er så sjuke at dei treng psykiatrisk behandling.
- Det er frivillig å bu i ei tilrettelagd avdeling.
Omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år
- Enslige mindreårige asylsøkjarar under 15 år blir sende til eigne omsorgssenter som Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) (eksternt nettsted).
Akuttinnkvarteringar
- Akuttinnkvarteringer er eit mellombels butilbod til asylsøkjarar i periodar med store og/eller raske innkomstar, og der det ikkje er mogleg å få på plass ordinær mottakskapasitet raskt nok eller i tilstrekkeleg volum. Tilbodet er nøkternt og skal sikre det grunnleggjande behovet til bebuarane og behova deira for tryggleik.
Informasjon til vertskommunar for akuttinnkvartering (pdf, 178 kB)
-
Etablering og avvikling av asylmottak
Slik etablerer vi eit mottak
UDI lyser ut drifta av mottak gjennom offentlege anbodskonkurransar. Vi får inn tilbod frå potensielle operatørar, og forhandlar med dei som tilbyr oss det talet plassar vi har behov for, og ei drift som tilfredsstiller krava våre. Den som får oppdraget er den som har det totalt sett beste tilbodet.
Når UDI skal etablere eit asylmottak i ein kommune, tek vi kontakt med den politiske leiinga i kommunen så fort vi får eit tilbod frå ein driftsoperatør. Driftsoperatøren treng nødvendige bruksløyve, men ingen politisk godkjenning, for å opprette eit mottak. Når behovet for plassar aukar raskt, kan det gå kort tid frå UDI tek kontakt med kommunen og til mottaket er i drift.
Slik avvikler vi mottak
Når UDI må avvikle eit mottak, vurderer vi kva mottaksplassar det er mest formålstenleg å behalde. Ei slik vurdering omfattar mellom anna økonomi, kvaliteten på drifta og kvar mottaket er plassert. Justis- og beredskapsdepartementet har sagt at mottaka skal vere spreidd over heile landet, og at UDI må sikre at det er ei blanding av ulike driftsoperatørar; private, kommunar og frivillige organisasjonar.
Avvikling av eit mottak fører til tap av arbeidsplassar og ofte har driftsoperatøren, dei tilsette i mottaket og kommunen lagt ned ein stor innsats for å gi dei som søkjer beskyttelse eit godt butilbod. UDI er likevel forplikta til å avvikle asylmottak i takt med behovet for plassar.
-
Vertskommunetilskot
Alle kommunar som har asylmottak eller omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar får eit tilskot. Dette dekkjer dei gjennomsnittlege meirkostnadene som følgjer av å ha eit asylmottak i kommunen.
Tilskotet består av ein grunnsats per kommune og ein sats per mottaksplass. Det er ulike satsar for dei ulike typane mottaksplassar.
Når ein bebuar på mottaket får opphaldsløyve, og likevel blir buande på asylmottaket ein periode, kan bebuaren bli folkeregistrert i kommunen og telje med i berekninga av innbyggjartilskotet frå staten.
-
Nødetatane og mottaket
Nødetatane skal følgje opp bebuarane på eit asylmottak på same måte som dei følgjer opp andre innbyggjarar. Dei fleste asylmottak er ikkje døgnbemanna.
Ofte har mottaket ei vaktordning på natta. Den er som regel løyst ved at ein av bebuarane, gjerne ein bebuar som er flink i norsk, hjelper andre bebuarar med å løyse vanskelege situasjonar. Ofte er det ein bebuar som har vakt som kontaktar nødetatane viss ein situasjon oppstår, men alle bebuarane på mottaket kan kontakte nødetatane ved behov.
-
Samarbeidet mellom kommunen og mottaket
For at mottaket skal fungere best mogleg, er det viktig med eit godt samarbeid mellom mottaket og kommunen. Derfor stiller UDI krav til at mottaka skal ha kontakt med, og informasjon til, kommunen og nærmiljøet.
Alle mottak skal jobbe for eit godt samarbeid med kommunen, spesielt når det gjeld helsetejeneste, barnevern, skule og vaksenopplæring. Mottaket skal også samarbeide med politiet, brannvesenet og biblioteket lokalt. I tillegg blir det ofte oppretta eit kontaktforum kvar representantar frå mottaket, kommunen og naboar møtest for å snakke om ting som dukkar opp, og for å løyse eventuelle problem på ein formålstenleg måte for alle partar.
-
Korleis påverkar asylmottaket lokalsamfunnet?
Erfaringa vår gjennom over 25 år med mottaksdrift er at dei positive historiene er langt fleire enn dei negative. Kommunane melder at mottaka fører til auka handel lokalt, skaper nye arbeidsplassar, bidreg til å halde innbyggartalet oppe, og til at det blir oppretta fleire lokale lag og foreiningar. I forskingsrapporten forskningsrapporten «Asylmottak og lokalsamfunn» frå 2010 kan du lese korleis asylmottak og kommunar opplever forholdet og samarbeidde seg i mellom. Sjå også fleire forskingsrapportar om asylmottak.
Viss kommunen ønskjer det, deltek UDI gjerne på eit informasjonsmøte når vi etablerer nye mottak, slik at naboar og andre interesserte kan stille oss spørsmål og få nyttig informasjon frå oss.
-
Dei frivillige som bidreg på mottaket
Bebuarane i mottaka får tilbod om aktivitetar på mottaket. Mange stader engasjerer bebuarane seg også i aktivitetar utanfor mottaket. Fotball er til dømes ein populær aktivitet blant unge bebuarar, og Norges Fotballforbund har engasjert seg i integrering av asylsøkjarar. Andre bebuarar bruker fritida si i organisasjonar som Redd Barna og Raudekrossen.
Vi oppmodar lokale lag og foreiningar til å ta kontakt med asylmottak i nærmiljøet for å avtale korleis dei kan samarbeide med mottaket for å bidra til å gi bebuarane på mottaket meiningsfylte aktivitetar.
-
Norskopplæring for asylsøkere
Asylsøkjarar som bur i ordinære mottak og som er i målgruppa for opplæring, har plikt til å delta i 175 timar opplæring i norsk og 25 timar opplæring i samfunnskunnskap. Plikta for opplæring i mottak gjeld frå fylte 18 år.
Plikta gjeld ikkje dersom asylsøkjaren:
- får søknaden sin behandla etter hurtigprosedyrar i UDI
- blir nekta å få asylsøknaden realitetsbehandla etter
- blir nekta å få asylsøknaden realitetsbehandla etter
- har fått avslag på søknad om beskyttelse av UDI
Kommunen har ansvaret for å organisere opplæringa. Kommunen har plikt til å tilby norsk og samfunnskunnskap, og får tilskot til asylnorsk og samfunnskunnskap frå Imdi. Les meir informasjon på IMDi sine nettsider. (eksternt nettsted)
Tilbodet om norsk og samfunnskunnskap for asylsøkjarar i asylmottak må ikkje forvekslast med introduksjonsprogrammet som gjeld personar som har fått opphaldsløyve i Noreg. Les meir informasjon på IMDi sine nettsider. (eksternt nettsted)