Kven har ansvar for helsetenester til asylsøkjarar?
Please note that not all the content on this page is available in English.
- Kommunen har ansvaret for at dei som oppheld seg i kommunen får helsehjelp. Det gjeld også asylsøkjarar.
- Dei fire regionale helseføretaka skal sørgje for at det blir tilbode spesialisthelsetenester, både somatisk og psykisk helsehjelp.
- Fylkeskommunen skal sørgje for at nødvendig tannhelsehjelp er tilgjengeleg for asylsøkjarar som oppheld seg i kommunen.
- Treng du helseopplysningar om ein asylsøkjar, må du skaffe desse opplysningane på same måte som for andre pasientar.
UDIs rolle
- UDI har ansvar for å leggje til rette for at bebuarar i mottak får tilgang til helsetenester når dei treng det. Det er kommunehelsetenestene og dei regionale helseføretaka som skal yte helsetenester.
- UDI har ansvar for at kommunen får melding om asylsøkjarar som oppheld seg i kommunen, slik at kommunen kan sørgje for helsetenestene asylsøkjarane har rett til.
- UDI oppbevarer ikkje helseopplysningar om asylsøkjarar.