Sjølvstendig næringsdrivande med firma i Noreg


Krav til arbeidstakaren

Krav til utdanninga/kompetansen din

Du må ha ein av desse typane utdanning/kompetanse:

  • Fullført fagutdanning frå vidaregåande skule, minst tre år, for eksempel som snikkar eller helsefagarbeidar. Det må finnast ei tilsvarande fagutdanning i Noreg.
  • Fullført utdanning eller grad frå universitet/høgskule, for eksempel bachelorgrad som ingeniør eller sjukepleiar.
  • Spesielle kvalifikasjonar som er kompetanse du har opparbeidd deg gjennom lang yrkeserfaring, eventuelt i kombinasjon med kurs og noko utdanning. Du må ha like høg kompetanse som ein som har fullført fagutdanning frå vidaregåande skule. Vanlegvis må du ha minst seks års yrkeserfaring. For eksempel, viss du har arbeidserfaring som målar, må du leggje fram detaljerte arbeidsattestar frå tidlegare arbeidsgivarar som viser at du har lært og kan det same, som ein person som har fagutdanning som målar. Det skal svært mykje til å få løyve i slike saker. Mange søknader blir avslått.

Krav til arbeidet

  • Du kan få opphaldsløyve dersom det er nødvendig for etablering og vidare drift av verksemda at du bur i Noreg og deltar aktivt i drifta.
  • Verksemda må som regel vere ditt eige enkeltpersonføretak. Verksemda kan ikkje vere eit aksjeselskap. Du kan berre jobbe i denne verksemda. Du kan ikkje ta deg anna arbeid, heller ikkje drive fjernarbeid.
  • Det arbeidet du skal utføre i verksemda, må krevje at du har kompetanse som faglært.
  • Det må vere sannsynleg at verksemda vil gi deg eit overskot (næringsinntekt) på minst

    296 550 kroner i året før skatt

    .   
  • Dersom den typen verksemd du skal drive, krev løyve frå offentlege myndigheiter, må du ha eit slikt løyve eller ei stadfesting frå denne myndigheita om at du vil få det. 

Rettar og plikter