Ikke alt innholdet på denne siden finnes på bokmål.
Vi ber om at du legg opplysningar om utdanninga og arbeidserfaringa di inn i malen til Webcruiter (ekstern nettstad), heller enn å legge inn CV som vedlegg. Dersom du har utdanning frå utlandet er det viktig at du legg ved godkjenninga frå NOKUT.
Vi får ofte mange søknader til dei ledige stillingane våre. Derfor er det viktig at du skriv kva som motiverer deg til å søke akkurat denne stillinga, og kvifor du kan vere rett kandidat.
Vi prøver å ha intervjua kort tid etter søknadsfristen. Dersom du blir invitert til intervju, vil du møte leiaren som skal tilsetje deg, og som oftast ein annan medarbeidar eller leiar som er med i utveljingsprosessen. I tillegg vil det vere ein tilsettrepresentant med på intervjua.
I intervjua ønskjer vi å høyre litt meir om motivasjonen din for jobben og sjå bakgrunnen og erfaringa di opp mot den aktuelle stillinga. For nokre stillingar har vi eit intervju nummer to med dei kandidatane vi vurderer som mest kvalifiserte for stillinga.
Dersom du framleis er aktuell etter det første intervjuet, vil vi kontakte dei referansane du har gitt oss, for å få utfyllande informasjon om deg som arbeidstakar.
Etter intervjuet og referansesjekken vurderer vi søkarane opp mot kvalifikasjonskrava i utlysingsteksten (utdanning, erfaring og om du er egna), og lager ei innstilling der vi rangerer av kandidatane.
Dersom du blir innstilt på førsteplass, kontaktar vi deg og tilbyr deg stillinga. Du får deretter eit tilbodsbrev med opplysningar om lønn og andre tilsetjingsvilkår. Viss du takkar nei, tilbyr vi stillinga til den som er innstilt som nummer to.
Når kandidaten vi har valt til stillinga, har takka ja, får andre kandidatar som har vore på intervju, beskjed om det. Kandidatar som ikkje har vore inne til intervju, får informasjon på e-post om kven som har fått stillinga.
Ei søkarliste kan bli offentleggjort, sjå Lov om offentlegheit i forvaltinga, paragraf 25. Vi gjer merksam på at opplysningar om deg som søkar kan bli gjort offentlege sjølv om du ber om ikkje å bli ført opp på ei offentleg søkarliste. Vi vil i så fall varsla deg først, slik at du kan velje å trekke søknaden din.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar med ulik arbeids- og livserfaring til å søke jobb hos oss utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn. Hol i cv-en er inga hindring.
UDI tek dessverre ikkje imot opne søknader. Vi publiserer alle dei ledige stillingane våre på www.udi.no/Jobb og desse stillingane må du søke på via Webcruiter.