Overgangsperioden for opphald etter brexit-regelverket er over


Britiske borgarar og familiemedlemmene deira må no søkje om løyve gjennom ordinært regelverk for opphald i Noreg. 

Publisert: 23.09.2022

Britiske borgarar og familiemedlemmene deira kan ikkje lenger søkje om eit opphaldsløyve etter brexit-regelverket. Søknadsfristen var 31. desember 2021. Viss du er britisk borgar eller familiemedlem av britisk borgar og ynskjer å busetje deg i Noreg, må du søkje om løyve etter ordinært regelverk. 

Viss det gjeld heilt spesielle grunnar som gjorde at du ikkje fekk søkt om eit opphaldsløyve etter brexit-regelverket før 31. desember 2021 er det mogleg å søkje no. Viss du søkjer no må du gjere greie for kvifor du ikkje fekk søkt innan fristen, så vil UDI vurdere om vi tar saka til behandling eller ikkje. Her kan du søkje etter brexit-regelverket. 

Har du allereie søkt om eit brexit-løyve, finn du svar på vanlege spørsmål på denne sida.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?