Nytt søknadsskjema for assistert retur


Frå onsdag 19. juni 2019 skal du som søkjer om assistert retur, bruke eit nytt og enklare skjema på nettsidene til UDI.

Publisert: 23.09.2022

Det vil ikkje lenger vere mogleg å fylle ut det gamle søknadsskjemaet på nettsidene til IOM, eller å fylle ut søknadsskjema på papir og sende det til IOM i posten. Alle som skal søkje, må fylle ut søknadsskjema for assistert retur på UDIs nettsider (ekstern nettstad).

Viss du treng hjelp til å fylle ut søknadsskjemaet, kan du spørje dei som jobbar på asylmottaket,, eller kontakte UDI.

IOM har framleis ansvar for å gi informasjon om moglegheita for å søkje om assistert retur, og å gi rettleiing til deg som skal søkje. Det er òg IOM som bestiller flybillettar og hjelper søkjarane med å skaffe reisedokument. 

 UDI har framleis ansvar for å behandle søknadene. 

Den einaste forskjellen er altså at det nye søknadsskjemaet blir sendt inn elektronisk til UDI i staden for IOM. 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?