Det har Arbeids- og sosialdepartementet bestemt. Grunnen til at reglane er endra, er at norske styresmakter ønsker at berre dei som har behov for praktisk opplæring i utdanninga si kan få opphaldsløyve som praktikant.
Dersom du leverer søknadsdokumenta til politiet, ambassaden eller søknadssenteret etter 31. august, vil vi behandle den etter dei nye reglane. Det betyr at viss du planlegg å levere ein søknad, må du sjekke at du fyller dei nye krava.
Dersom du har opphaldsløyve som praktikant i dag, vil det ikkje vere mogleg for deg å søkje om å fornye dette opphaldsløyvet. Viss du ønsker å fortsette å opphalde deg i Noreg når det går ut, må du sjekke om du fyller krava til å søkje om ein annan type opphaldsløyve.
Dersom du allereie har betalt gebyret i Søknadsportalen, men skal møte opp hos politiet, på ambassaden eller søknadssenteret etter 31. august, vil altså dei nye krava gjelde for deg. Viss du har søkt om fornying, eller har søkt for fyrste gong og ser at du ikkje fyller dei nye krava, kan du velje å trekke søknaden din. Då må du ta kontakt med politiet eller ambassaden der du søkte og be om å få refundert gebyret.
Dersom du har søkt om opphaldsløyve som praktikant (for fyrste gong eller fornying) og har levert søknadsdokumenta hos politiet, ved ambassaden eller søknadssenteret før 1. september, vil vi behandle søknaden din etter dei gamle reglane.