Gebyr for statsborgarskap endrast frå og med 3. januar, medan alle andre gebyr endrast frå og med 1. januar.
Storleiken på gebyra er bestemd av Stortinget og regjeringa. Gebyra som er forandra, er lista opp i tabellen under.
Type søknad | Gebyr 2021 | Gebyr 2022 |
---|---|---|
Statsborgarskap | 5 500,- | 6 500,- |
Studieløyve for søkarar over 18 år (gjeld også for fornying) | 4 900,- | 5 900,- |
Løyve for forskar med eigne midlar (gjeld også for fornying) | 4 900,- | 5 900,- |
Permanent opphaldsløyve for voksne | 4 700,- | 3 800,- |
Au pair-tillatelse (gjeld også for fornying) | 8 400,- | 9 100,- |
Reisebevis og utlendingspass for personar over 18 år | 1 300,- | 2 400,- |
Reisebevis og utlendingspass for personar som er under 18 år | 750,- | 1200,- |
Her finn du oversikt over alle gebyr for å levere søknadar.