Noreg tillet dobbelt statsborgarskap frå 1. januar 2020


Frå og med 1. januar 2020, er det tillate å ha eitt eller fleire statsborgarskap i tillegg til det norske. 

Publisert: 23.09.2022

Dette gjeld både for personar som allereie er norske og for personar som søkjer om norsk statsborgarskap. 

Du må òg undersøkje kva reglar som gjeld i det andre landet 

For at du skal kunne ha dobbelt statsborgarskap, må òg det andre landet du er statsborgar av godta dette. 

Du må sjølv undersøkje kva reglar som gjeld i landet du er statsborgar av no. Du kan til dømes sjå etter informasjon på ei offisiell nettside som tilhøyrer styresmaktene i dette landet, eller spørje ein ambassade. 

Du treng ikkje å gi beskjed til norske styresmakter om at du ynskjer å behalde det tidlegare statsborgarskapet ditt. 

  • Jeg ønsker å få tilbake mitt norske statsborgerskap

  • Jeg er nordisk borger og skal levere/har levert melding for å bli norsk statsborger

  • Jeg har allerede søkt om å bli norsk statsborger

  • Jeg fikk dobbelt statsborgerskap da jeg ble født og er under 22 år

  • Jeg er norsk og ønsker å bli statsborger av et annet land

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?