Informasjon til utanlandske borgarar som blir ramma av kansellerte fly


Utanlandske borgarar som ikkje får reist heim før løyvet, visumet eller det visumfrie opphaldet går ut på grunn av kansellerte fly må endre billetten til eit anna fly eller skaffe seg nye billettar.

Publisert: 11.07.2022

Viss du ikkje kan reise ut av Noreg innan utreisefristen kan det medføre at du blir bortvist eller utvist. Du må ta vare på dokumentasjon som viser at det ikkje har vore mogleg for deg å finne alternative måtar å reisa heim på. Denne dokumentasjonen må du visa fram viss det blir oppretta bortvisnings- eller utvisingssak når du reiser ut av Noreg. Du vil òg trenge denne dokumentasjonen viss du skal søke om visum for innreise til Noreg på eit seinare tidspunkt. Du skal ikkje sende inn dokumentasjon til UDI no.

Du treng ikkje å ta kontakt med UDI. Vi kan ikkje gje deg stadfesting på at du kan opphalde deg i Noreg. UDI vil ta omsyn til dine dokumenterte forsøk på å reise ut i tide viss det blir oppretta bort- eller utvisingssak.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?