Laget dykkar må vere påmeld til Norway Cup før de søkjer om visum. For meir informasjon og påmeldingsfrist, sjå Norway Cup si nettside (ekstern nettstad). Hugs at spelarane på laget må vere i rett alder for den klassa de er påmelde i Norway Cup.
Når må de søkje?
For å vere sikre på at de får svar på visumsøknadene i tide, bør de levere søknadsdokumenta på søknadssenteret eller ambassaden minst to månader før de skal reise. Hugs at det kan vere ventetid på å få time for å levere søknaden.
Korleis søkjer de?
For å søkje må alle deltakarane fylle ut eit søknadsskjema og møte opp personleg på eit søknadssenter eller ein ambassade. Sjå UDI sin informasjon om krava til å søkje, korleis de søkjer og kor de skal møte opp i dykkar land. I nokre land skal de møte på ambassaden til eit anna Schengen-land.
Kva slags dokument må de levere?
På ambassadane sine sjekklister finn de informasjon om kva slags dokument de må levere for å søkje om visum.
I tillegg til dokumenta på lista må de levere:
Skal supporterar eller familiemedlemmar vere med til Noreg?
Familiemedlemmar og andre supporterar som ønskjer å reise til Noreg i forbindelse med Norway Cup må søkje om besøksvisum som vanlege turistar. Søknadene blir behandla separat frå deltakarane sine søknader.
Skal fotballaget dykkar på ei anna turnering i Schengen-området før Norway Cup?
Dersom fotballaget dykkar skal delta på ein annan cup i Schengen-området før Norway Cup, til dømes Gothia Cup eller Dana Cup, skal de søkje om visum til det landet de skal reise til først. Husk å be om visum for Norway Cup samtidig.