Har du mista tilgangen til kontoen din i Søknadsportalen?


Viss du ikkje lenger har tilgang til kontoen din, betyr ikkje dette noko for søknadene dine, eller for opphaldsløyvet ditt.

Publisert: 23.09.2022

UDI har framleis alle dei gamle søknadene dine og informasjon om deg registrert i systema våre.   

Kva må du gjere? 

Viss du har bestilt ein time, har du framleis denne timen. Viss du ikkje hugsar når timen er, bør du søkje i e-postane dine etter e-postar frå adressa noreply-spn@udi.no eller noreply@udi.no. Då vil du finne e-post frå oss med tidspunkt for timen. Du vil òg finne ein e-post med lenke til sjekklista med dokumenta du skal ha med, og vedlagt følgebrev/cover letter som du skal ha med deg til timen.    

Viss du skal levere ein ny søknad, kan du bruke ein annan konto du framleis har tilgang til, eller lage deg ein ny konto.   

Viss du allereie har vore hos politiet eller søknadssenteret og levert søknadsdokumenta dine, vil vi behandle søknaden din som normalt.   

Kvifor har du mista tilgangen til kontoen din?  

Du bør alltid prøve å trykke på "Har du gløymt passordet" og velje eit nytt passord, for å sjå om det løyser problemet. Viss ikkje kontoen din finst lenger, vil du få beskjed om at det ikkje er registrert ein konto med denne e-postadressa.  

Det kan vere ulike årsaker til at du har mista tilgang til kontoen din: 

  • Viss du ikkje har vore logga inn på kontoen din på over to år, har vi sletta kontoen din. 
  • Viss du har hatt mange kontoar registrerte på same e-postadresse, vil no alle kontoane dine ha vorte sletta sett bort frå éin. Sommaren 2019 sende vi informasjon og påminningar til alle e-postadressene dette gjeld.  
  • Viss du ikkje lenger har tilgang til e-postadressa som du brukte då du laga kontoen, er det ikkje mogleg for deg å få tilgang til denne kontoen. 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?