For at du skal vere omfatta av unntaket for personar med tilstrekkeleg inntekt, må du ha ei alminneleg inntekt som utgjer minst tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (3G). Dette grunnbeløpet blir endra kvart år. Per 1. mai 2021 utgjer det kr 319 197.
Inntekta må komme fram av skatteoppgjeret ditt. Du treng altså ikkje å rekne ut dette sjølv. Du kan lese kva som står oppført som alminneleg inntekt i det siste tilgjengelege skatteoppgjeret ditt som du finn her (ekstern nettstad). UDI vil innhente opplysningar om kva som var den alminnelege inntekta di i førre skatteoppgjer direkte frå Skatteetaten. Viss det gjeld eit nytt skatteoppgjer etter at du har levert søknaden din, vil vi bruke det siste skatteoppgjeret viss det er til fordel for deg. Viss ikkje bruker vi det som gjaldt da du søkte om statsborgarskap.
Viss du har inntekt som ikkje kjem fram av skatteoppgjeret, kan vi ikkje rekne med denne når vi vurderer om du har tilstrekkeleg inntekt. Det er derfor ikkje nødvendig å sende inn eller leggje ved dokumentasjon på anna inntekt enn den som kjem fram av skatteoppgjeret frå Skatteetaten. Det same gjeld inntekt du har hatt etter førre skatteoppgjer. Denne inntekta kan vi ikkje rekne med før det igjen er eit skatteoppgjer der inntekta kjem fram.
Endringane gjeld frå 1. januar 2022. Kravet om åtte år med opphaldstid vil gjelde for personar som registrerer søknaden sin i Søknadsportalen 1. januar 2022 eller seinare. Denne endringa gjeld derfor ikkje for deg som allereie har registrert eller levert søknaden om statsborgarskap.
Endringa om at du kan få kortare krav til opphaldstid (seks år) viss du har tilstrekkeleg inntekt, vil gjelde for deg som søkjer før 1. januar 2022 viss UDI behandlar søknaden 1. januar 2022 eller seinare. Det vil og gjelde for deg som søkjer 1. januar 2022 eller seinare.
Du finn meir informasjon om lovforslaget på regjeringa sine nettsider (ekstern nettstad).
Tilstrekkeleg inntekt betyr at du i løpet av eit år har mottatt inntekt og ytingar som inngår i alminneleg inntekt i skatteoppgjeret, som er på minst 3 gangar grunnbeløpet i folketrygda (3G).
Slik kan du sjå om du har tilstrekkeleg inntekt:
Logg inn på Skatteetaten og opne det siste tilgjengelege skatteoppgjeret ditt (ekstern nettstad)
Sjekk beløpet som står på «Sum inntekter» på side 3.
Viss siste skatteoppgjer er frå 2020 og beløpet er kr 304 053 eller høgare, er du omfatta av unntaket om kortare opphaldstid.
Det som skal reknast med er summen av inntektene som inngår i utrekninga av alminneleg inntekt i skatteoppgjeret, før frådrag. UDI innhentar denne summen direkte frå Skatteetaten. I skatteoppgjeret ditt vil summen visast på side 3 som «Sum inntekter». Denne summen representerer dei samla inntektene dine før frådrag.
Det er berre inntekt som står oppført i dette feltet i skatteoppgjeret ditt som blir rekna med. Viss du har mottatt eit nytt skatteoppgjer etter at du har levert søknaden din, vil vi bruke det siste skatteoppgjeret viss det er til fordel for deg. Viss ikkje, bruker vi det siste skatteoppgjeret som var tilgjengeleg hos Skatteetaten då du søkte om statsborgarskap.
Viss du har inntekt som ikkje står oppført i feltet som heiter «Sum inntekter» i skatteoppgjeret ditt, kan vi ikkje rekne med denne når vi vurderer om du har tilstrekkeleg inntekt. Det betyr at vi ikkje kan rekne med inntekt du har hatt i 2021 før du har mottatt skatteoppgjeret for 2021 frå Skatteetaten.
Grunnbeløpet i folketrygda (1G) blir endra kvart år. Sidan 1G var kr 101 351 då skatteoppgjeret for 2020 vart klart, må summen av inntektene dine i skatteoppgjeret for 2020 vere minst 3 gangar dette beløpet, altså kr 304 053.
Per 1.mai 2021 utgjer 3G kr 319 197. Viss du søker om statsborgarskap etter at du har mottatt skatteoppgjeret for 2021, må inntekta di som kjem fram av dette skatteoppgjeret vere meir enn 319 197 kroner.
Inntekt og ytingar som inngår i alminneleg inntekt i skatteoppgjeret er mellom anna arbeidsinntekt, næringsinntekt, sjukepengar, svangerskapspengar, foreldrepengar og arbeidsavklaringspengar, pensjon, uføretrygd og dagpengar. Pleiepengar, omsorgspengar og opplæringspengar jf. folketrygdloven kapittel 9 , blir òg omfatta. Vidare vil overskot frå næring, renteinntekter, skattepliktig gevinst og utbytte frå aksjar og utdeling frå selskap med deltakarfastsetjing blir rekna med. Visse kapitalinntekter, som til dømes gevinst ved sal av fast eigedom, blir òg rekna med.