Besøk og ferie i Noreg: endringar i regelverk om visum


Nye reglar frå EU og Schengen for besøks- og ferievisum. Du kan mellom anna søkje om visum tidlegare enn før, og gebyra vil bli noko høgare.

Publisert: 23.09.2022

Søkje om visum tidlegare 

Frå 2. februar 2020 kan du søkje om visum 6 månader før du har tenkt til å reise til Noreg.

Auka gebyr

Søknadsgebyret for søknader som er leverte etter 2. februar 2020 vil auke. For vaksne og barn over 12 år vil det auke frå 60 euro til 80 euro. For barn mellom 6 og 12 år vil gebyret auke frå 35 euro til 40 euro.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?