Faglært arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg


Krav til arbeidstakaren

Krav til utdanninga/kompetansen din

Du må ha éin av desse typane utdanning/kompetanse:

  • fullført fagutdanning frå vidaregåande skole, minst tre år, for eksempel som snikkar eller helsefagarbeidar. Det må finnast ei tilsvarande fagutdanning i Noreg.
  • fullført utdanning eller grad frå universitet/høgskole, for eksempel bachelorgrad som ingeniør eller sjukepleiar.
  • spesielle kvalifikasjonar som du har opparbeidd deg gjennom lang yrkeserfaring, eventuelt i kombinasjon med kurs og noko utdanning. Du må ha like høg kompetanse som ein som har fagutdanning frå vidaregåande skule. Vanlegvis må du ha minst 6 års yrkesrøynsle. For eksempel, viss du har arbeidserfaring som målar, må du leggje fram detaljerte arbeidsattestar frå tidlegare arbeidsgivarar som viser at du har lært og kan det same som ein person som har fagutdanning som målar. Det skal svært mykje til å få løyve i slike saker. Det skal litt mindre til for deg som skal arbeide i IT-bransjen. 

Krav til arbeidsforholdet

Spesielle krav

Rettar og plikter

  • Varigheta på opphaldsløyvet du kan få er avhengig av stillinga du har fått tilbod om:
    • Dersom stillinga krev fullført fagutdanning frå vidaregåande skule, kan du få opphaldsløyve for inntil eitt år av gongen.
    • Dersom stillinga krev fullført utdanning eller grad frå universitet eller høgskule, kan du vanlegvis få opphaldsløyve for inntil tre år av gongen. Dersom vi treng å sjekke oftare at du framleis fyller krava, for eksempel fordi du skal arbeide i ein bemanningsbedrift, vil du berre få opphaldsløyve for inntil eitt år av gongen.
  • Etter tre år kan du søkje om permanent opphaldsløyve i Noreg.
  • Familien din kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
  • Dersom du seinare skal byte arbeidsgivar, men skal jobbe i same type stilling, treng du ikkje søkje om nytt opphaldsløyve. Lønns- og arbeidsvilkåra må ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg, og du må framleis fylle dei krava som gjeld for opphaldsløyve som faglærd arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg.
  • Dersom du seinare skal begynne i ein ny type stilling, må du søkje om nytt opphaldsløyve, uansett om det er hos same arbeidsgivar eller hos ein ny arbeidsgivar. Du kan ikkje starte i ny type stilling før du har fått nytt opphaldsløyve.
  • Dersom du mister jobben din må du melde frå til politiet der du bur innan sju dagar. Du kan då opphalde deg i Noreg for å søkje etter ny jobb i inntil seks månader. Opphaldsløyvet ditt må framleis vere gyldig i heile denne perioden.
    • Dersom du får ein ny jobb, men skal jobbe i same type stilling som før, treng du ikkje søkje om nytt opphaldsløyve, men du må melde frå til politiet der du bur innan sju dagar etter at du begynner i den nye jobben.
    • Dersom du får ein ny jobb der du skal ha ein annan type stilling enn før, må du søkje om nytt opphaldsløyve. Du kan ikkje starte i ein annan type stilling før du har fått nytt opphaldsløyve.
  • Du har ikkje lov til å drive fjernarbeid, med mindre det er ein del av jobben du har fått opphaldsløyve for å gjere.