Religiøs leiar/lærar


Krav til arbeidstakaren

Krav til utdanninga/kompetansen din

  • Du må i utgangspunktet ha fullført mastergrad frå universitet/høgskole innan religionen din eller i pedagogikk.
  • Dersom du ikkje har ei utdanning som fyller krava, kan vi gjere unntak i spesielle tilfelle. 

Krav til arbeidsforholdet

  • Du må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid for éin arbeidsgivar i Noreg.
  • Lønns- og arbeidsvilkåra kan ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg. Dersom det av religiøse grunnar er vanleg at du ikkje får så mykje lønn, kan vi godta at lønna di er på minst 

    296 550 kroner i året før skatt

    . Dersom du av religiøse grunnar ikkje kan ta imot pengar i det heile, kan UDI godta at arbeidsgivaren din i staden garanterer for at du vil få kost, losji og det du elles treng.

Rettar og plikter

  • Du kan få opphaldsløyve for eitt år om gongen.
  • Etter tre år kan du søkje om permanent opphaldsløyve i Noreg.
  • Familien din kan vanlegvis søkje om å få bu saman med deg i Noreg. Dersom familiemedlemmane dine søkjer samtidig som deg vil de få svar på søknadene dykkar samtidig.
  • Du må søkje om nytt opphaldsløyve dersom du skal byte stilling eller arbeidsgivar. Du kan ikkje starte med ein ny type arbeid før du har fått nytt opphaldsløyve.