Du kan blir nekta opphaldsløyve dersom UDI meiner det er mest sannsynleg at hovudgrunnen til at du gifta deg med ein person som bur i Noreg, er å få eit grunnlag for opphald her.
Eit omgåelsesekteskap er eit ekteskap der hovudgrunnen til at du gifta deg, er at du vil ha eit opphaldsløyve i Noreg. Ekteskapet kan likevel vere formelt gyldig og ha realitet.
Eit proformaekteskap er eit ekteskap som du inngjekk berre for å oppnå eit opphaldsløyve i Noreg. Eit proformaekteskap er eit ekteskap utan faktisk realitet.
For å undersøke om eit ekteskap er eit omgåelsesekteskap eller proformaekteskap, vil UDI til dømes sjå på:
Viss UDI meiner at ekteskapet er eit omgåelsesekteskap eller eit proformaekteskap, kan UDI avslå søknaden din og kan vurdere å utvise deg frå Noreg og andre Schengenland i minst to år.