Nettsida www.udi.no fungerer ikkje i nettlesaren Opera Mini, som du bruker no. Du må bruke ein annan nettlesar, til dømes Opera eller standardnettlesaren på telefonen din.
Arbeidsgivarar: Tilsetje ein person som er EU/EØS-borgar
Arbeidsgivarar: Tilsetje ein person som er EU/EØS-borgar
Informasjon om kva du som arbeidsgivar må tenkje på når du skal tilsetje ein arbeidstakar som er statsborgar av eit EU/EØS-land.
Alle EU/EØS-borgarar kan arbeide i Noreg
Alle EU/EØS-borgarar har rett til å vere arbeidstakarar i Noreg.
Du sjekkar om arbeidstakaren er EU/EØS-borgar, ved å be han eller ho vise fram pass eller nasjonalt identitetskort frå heimlandet.
EU/EØS-borgarar kan flytte til Noreg og begynne å jobbe med éin gong, men må registrere seg hos politiet seinast tre månader etter at dei kom til Noreg. Det er gratis å registrere seg.
Dersom du skal tilsetje ein EU/EØS-borgar som ikkje har registrert seg hos politiet enno, må du gi arbeidstakaren eit tilsetjingsbevis (pdf, 849 kB) eller ein arbeidskontrakt som inneheld den same informasjonen som i tilsetjingsbeviset. Dette må arbeidstakaren vise fram til politiet når han eller ho registrerar seg.
Det er arbeidstakaren sjølv som må registrere seg. Du kan hjelpe arbeidstakaren med å leggje inn opplysningar i Søknadsportalen (ekstern nettstad) og bestille time hos politiet, men arbeidstakaren må sjølv møte opp hos politiet.
EU/EØS-borgarar som allereie har registrert seg
Dersom arbeidstakaren tidlegare har registrert seg hos politiet, har han eller ho fått eit registreringsbevis.
Arbeidstakaren kan begynne å jobbe hos deg med ein gong og skal ikkje registrere seg på nytt.