Frode Forfang er direktør i UDI.
Hovudoppgåva til internrevisjonen er å vurdere om den interne styringa og kontrollen til UDI er tilstrekkeleg, formålstenleg, effektiv og om ho fungerer som ho skal. Internrevisjonen skal vere uavhengig og upartisk, og rapporterer direkte til direktøren.
Internrevisjonen prøver å identifisere dei områda i UDI der det er størst risiko for at vi ikkje når måla våre, og jobbar etter ein årleg revisjonsplan som er basert på ein sjølvstendig analyse av risikobiletet for verksemda. I tillegg har internrevisjonen ansvar for UDI sin varslingskanal for kritikkverdige forhold.
Personvernombodet til UDI er og ein del av internrevisjonen, som ein fagleg uavhengig funksjon. Ombodet er ein uavhengig, objektiv rådgivar som skal bidra til å forbetre arbeidet til UDI med personvern.
Tryggleik set rammene for tryggingsarbeidet i UDI. Tryggleik har eit overordna ansvar for alt tryggingsarbeid i UDI, inkludert strategisk sikrings- og risikostyring. Vi jobbar med dagleg og strategisk tryggingsleiing innanfor fysisk tryggleik, personelltryggleik, reisetryggleik, informasjonstrygging og dessutan beredskaps- og kriseleiing ved akutte hendingar. Vår høgaste prioritet er eit forsvarleg tryggingsnivå gjennom førebyggjande og reaktiv tryggleik.
HR og Organisasjon har ansvar for å leggje til rette for at dei tilsette i UDI har dei føresetnadene som er nødvendige for å gjere ein god jobb. I dette ligg alt frå at dei fysiske lokala støttar opp om oppgåvene vi skal løyse, at vi følgjer opp det ansvaret vi har som arbeidsgivar, til at dei tilsette og organisasjonen utviklar seg til det beste for brukarane til UDI.
Gjennom god innsikt i behovet til brukarane, skal Kommunikasjon bidra til at søkjarane våre blir mest mogleg sjølvhjelpne. Vi har ansvar for dei eksterne nettstadene våre, og skal sikre at søkjarane finn den informasjonen dei treng og forstår det som står der. Vi har òg ansvar for at søkjarane får kommunisert med oss på eige språk, gjennom å tilrettelegge for tolking og omsetjing.
UDI skal vere eit ope, synleg og tilgjengeleg fagdirektorat på utlendingsfeltet. Kommunikasjon skal bidra til dette gjennom god service til media, arrangement og andre tiltak som gir innsyn i arbeidet vårt.
Styring og regelverk har ansvar for budsjett, økonomi og verksemdsstyring og styringsdialogen opp mot Justis- og beredskapsdepartementet. Vi utarbeider statistikk og gjennomfører analyse og forsking. Det strategiske innkjøpsarbeidet ligg òg til tenesteområdet.
Styring og regelverk har ansvaret for utviklinga av regelverket og praksisen i UDI og publisering av regelverket på udiregelverk.no. UDI deltar i ei rekkje internasjonale samarbeidsforum som blir leidd og koordinert av Styring og regelverk.
Digitalisering er IT-avdelinga i UDI. Vi forvaltar og utviklar IT-tenestene som blir brukt i samband med søknader om asyl, visum og opphaldsløyve. Vi deltar i tillegg i eit omfattande europeisk samarbeid om felles IT-løysingar på utlendingsfeltet. UDI behandlar i løpet av eit normalår over 400.000 søknader gjennom sjølvbetenings- og saksbehandlingssystema våre. Målet vårt er betre digitale tenester, og at brukarane våre møter ei heilskapleg offentleg forvaltning.
Opphald behandlar søknader om opphaldsløyve frå utanlandske borgarar frå land utanfor EU/EØS som ønskjer å flytte til Noreg fordi dei har familie her, eller fordi dei skal arbeide eller studere her. Vi behandlar og søknader frå personar som ynskjer å besøkje Noreg, og som treng eit besøksvisum. I tillegg behandlar vi søknader om permanent opphaldsløyve og om norsk statsborgarskap. Vi rettleier også brukarane våre om kva reglar som gjeld, korleis dei skal gå fram for å søkje om eit løyve, og om søknadene vi har til behandling.
Vi samarbeider tett med Digitalisering for å forbetre dei digitale tenestene våre. Målet er å sikre at brukarane får heilskaplege tenester.
Kontroll behandlar saker der forvaltninga på eige initiativ opprettar ei sak eller vurderer ei sak på nytt. Målet er at dei som får opphaldsløyve i Noreg, får det på rett grunnlag og at det er god kontroll i migrasjonsløpet.
Vi jobbar med varsling og saker der ei kriminell handling kan hindre ein (asyl)søkjar i å få flyktningstatus, EØS-saker, tilbakekall i asyl- og statsborgarskapssaker og utvising.
Vern behandlar søknader om vern i Noreg. Vi behandlar også søknader om fornyingar av desse løyva, reisedokument og løyve om familieinnvandring med personar som har fått vern i Noreg. I tillegg har vi eit team som har ansvar for å ta ut kvoten på overføringsflyktningar. Vi jobbar med å utvikle fagfeltet og å rettleie brukarane om regelverk, søknadsprosess og rettar på våre område. Målet vårt er at søkjarar som har rett på opphald skal integrerast tidleg i Noreg, og at dei som ikkje har rett på opphald skal returnere raskt.
Mottak og retur har ansvaret for å sikre at asylsøkjarar har ein stad å bu, gjennom å etablere og følgje opp asylmottak i Noreg. Vi skal sikre at asylsøkjarar blir varetekne på ein respektfull og god måte og leggje til rette for rask integrering eller rask retur. Vi følgjer opp drifta av Nasjonalt Ankomstsenter, transittmottak, akuttmottak og mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar. I tillegg har vi ansvar for ein del tenester til dei som bur i asylmottaka, som ytingar, logistikk mellom mottak, oppfølging av spesielle behov og ordninga for assistert retur til heimlandet.