Presse Mediebesøk i asylmottak


Informasjon til journalistar som ønskjer å besøkje eit asylmottak og intervjue bebuarar og tilsette.

Vi ønskjer størst mogleg openheit om utlendingsforvaltninga i Noreg, og dette gjeld også leveforhold i og drift av mottak. Men vi er meir restriktive når det gjeld dei nyoppretta mottaka og heilt nykomne asylsøkjarar. Les meir under "Skjerming av akuttinnkvarteringar" nedanfor.

Viss du ønskjer å lage ein reportasje frå eit asylmottak, ta kontakt med pressekontaktane til UDI på e-post presse@udi.no eller telefon 23 35 17 00.

Teieplikt

UDI er bunden av teieplikt om kven som søkjer asyl i Noreg og andre opplysningar om det personlege forholdet til asylsøkjarane. Dette betyr mellom anna at bebuarar i asylmottak ikkje skal bli filma eller fotograferte på området til mottaket, med mindre dei gir sitt samtykke til det.

Presse må derfor ikkje intervjue, filme, fotografere eller på annan måte eksponere personar som ikkje har gitt eit uttrykkjeleg og informert samtykke til dette.

Personopplysningar

Personopplysningar og sensitiv informasjon knytt til ei asylsak må behandlast med varsemd.

Opplysningar og/eller bilde må ikkje brukast til andre formål enn det som opphavleg var avtalt. Alle som lèt seg intervjue/filme bør ha høve til sjå eigne utsegner og korrigere faktiske feil.

Mottaket må samtykkje

Mottaket må samtykkje til opptak på området til mottaket, men vil i utgangspunktet leggje til rette for at pressa får møte personar som ønskjer å snakke med journalistar.

Mindreårige i mottak

Eksponering av mindreårige i media er eit område som krev at pressa tek omsyn. Ifølgje pressa sine eigne køyrereglar i Ver Varsam-plakaten, punkt 4.8 (eksternt nettsted), skal det takast omsyn til konsekvensar medieomtalen kan ha.

UDI sitt utgangspunkt er at mindreårige skal skjermast for unødig og uheldig medieeksponering.

For mindreårige er det også slik at dei sjølv ikkje kan ventast å vere fullt ut klar over verknaden av si eiga deltaking i eit medieoppslag. Ver Varsam-plakaten, punkt 3.9 (eksternt nettsted), understrekar at journalistar må vise særleg omsyn overfor personar som ikkje kan ventast å vere klar over verknaden av utsegnene sine.

Barn har ytringsfridom – det vil seie rett til å uttale seg til media, men berre etter eige ønske. For mindreårige er det foreldre (eller eventuelt representant) som skal gi det formelle samtykket til eksponering.

Skjerming av akuttinnkvarteringar

Fordi flyktningane er ekstra sårbare i tidleg fase under ein situasjon med masseinnkomstar, får ikkje media sleppe inn der flyktningane oppheld seg i ei akuttinnkvartering.

  • Innkvarteringa er ein mellombels heim for flyktningane, der dei skal kjenne seg skjerma og trygge.
  • Nokon er enno ikkje registrerte, dei kjenner ikkje rettane sine i Noreg og kan bli utnytta av personar med uedle intensjonar.
  • Det at ein er asylsøkjar er fortruleg informasjon. Viss dette blir kjent, kan nokon utsetjast for flyktningspionasje eller ulike former for press.

Intervju med flyktningar som media har komme i kontakt med, kan skje på utsida av innkvarteringsstaden.

UDI formidlar ikkje kontakt med flyktningane.

Fant du det du lette etter?