Ukrainere får forlenga opphaldsløyve


Ukrainarar, som har hatt midlertidig kollektiv beskyttelse, får forlenga opphaldsløyvet i Noreg med ytterlegere eit år.

Publisert: 19.02.2024

Justis- og beredskapsdepartementet har nå gjort ei endring i utlendingsforskrifta som inneber at ukrainarar, som har hatt midlertidig kollektiv beskyttelse i to år, kan få framleis opphald i ytterlegare eit år. Det er eit vilkår for forlenging at ein framleis fyller vilkåra for førstegongsløyve.

Ordninga inneber at dei som omfattast får opphaldsløyve i eit år etter ein forenkla prosedyre og utan ein individuell vurdering av beskyttelsesbehovet. Dei første forlengde løyvene går ut i mars 2024.

Løyvene vil ved utløp bli fornya av Utlendingsdirektoratet (UDI), og dei som omfattast treng ikkje søke om slik forlenging. UDI og politiet vil også sørge for at utløpte opphaldskort fornyast.

Personar som ikkje lenger omfattast av personkretsen for ordninga vil ikkje ha rett til forlenging. Dette gjeld blant anna ukrainarar med fleire statsborgarskap, når eit av statsborgerskapa er i eit trygt land. 

Her kan du lese pressemeldingen fra Justis- og beredskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet (eksternt nettsted).

Fant du det du lette etter?