Snorre Sæther blir ny direktør i UDI


Snorre Sæther kjem frå stillinga som avdelingsdirektør i Innvandringsavdelinga i Justisdepartementet. Han skal etter planen tiltre i stillinga i UDI i juni.

Publisert: 15.03.2024

Snorre Sæther blei utnemnd som ny direktør i statsråd fredag 15. mars 2024. Han er tilsett i eit åremål på seks år.

Justis- og beredskapsdepartementet skriv i ei pressemelding (eksternt nettsted) at Sæther har omfattande leiarfaring frå migrasjonsfeltet og frå leiing av statleg budsjett -og styringsarbeid:

“Sæther er utdanna jurist, og kjem frå stillinga som avdelingsdirektør i Innvandringsavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet. Der har han vore leiar sidan 2013, dei siste seks åra for Budsjett-, styrings- og mottaksseksjonen.”

Fant du det du lette etter?