Auke i asylsøkarar frå andre land enn Ukraina


Det kom 5375 ordinære asylsøkarar til Noreg i 2023. Vi må tilbake til flyktningkrisa i 2015 for å finne eit høgare tal.

Publisert: 19.01.2024

I tillegg til dei ordinære søkarane kom det 2242 overføringsflyktningar. Med ordinære asylsøkarar meines dei som søker beskyttelse på individuelt grunnlag. Dette skil seg frå flyktningane frå Ukraina, som søker om kollektiv beskyttelse. Tall fra UDIs eining for statistikk og analyse viser at dei ordinære asylsøkarane har auka i antal for kvart år sidan 2020.

2015 framleis rekordår for ordinære søkarar

Ser vi samla på dei ti siste åra, har i underkant av 68 500 personar søkt asyl på individuelt grunnlag. Ankomstane var høgast under flyktningkrisa i 2015, og lågast i korona-året 2020.

Av dei nesten 68 500 var cirka 20 500 barn, og cirka 48 000 var vaksne. Cirka 11 200 barn kom saman med familien, mens cirka 9 300 var såkalla einslege mindreårige asylsøkarar. Fordelinga mellom vaksne og barn har vore nokså lik gjennom denne tidsperioden.

68 500 er heller ikkje langt unna talet på ukrainske flyktningar som har søkt om kollektiv beskyttelse etter krigsutbrottet i februar 2022. Det har likevel komme fleire ukrainske flyktningar på to år enn frå andre land på ti år.

Mange kjem frå Midtøsten

Syria er for tida det største asyllandet etter Ukraina. Det kom omtrent 1560 asylsøkarar frå Syria i fjor, og cirka 19 200 dei siste ti årene.

Det tredje største asyllandet i 2023 var Tyrkia (531), etterfølgt av Eritrea (329). Videre følger Afghanistan (263) og Russland (204).

Sjølv om Tyrkia og Russland er store asylland, kjem det nesten ikkje einslige mindreårige asylsøkarar frå desse landa. Syria (249) og Afghanistan (152) har flest asylsøkarar i denne gruppa, etterfølgt av Eritrea (42), Sudan (13) og Etiopia (10).

Ei mer ustabil verd

Wenche Fone, direktør i Beskyttelse i UDI, seier at tala må sjåast i samanheng med at asylinnvandringa til Europa har nådd sitt høgaste nivå sidan flyktningkrisa i 2015/16.

– Med ei mer ustabil verd meiner EUs asylbyrå at det kan forventast fleire asylsøkarar til Europa i 2024, seier ho og legg til at UDI opererer med eit moglegheitsrom på mellom 2000 og 10 000 asylsøkarar, og eit planleggingstal på 5000.

På UDIs statistikksider finn du fleire tal for asyl.

Fant du det du lette etter?