Au pair-ordninga avviklast


Au pair-ordninga avviklast fra og med 15. mars i år.

Publisert: 15.02.2024

Regjeringa avviklar nå au pair-ordninga i Noreg. I ein pressemelding frå Justisdepartementet påpeikes det at dette er i tråd med prinsippet om at behovet for ufaglært arbeidskraft som hovudregel skal dekkast frå EØS-området.

Avviklinga inneber at tredjelandsborgarar ikkje lenger kan få opphald i Noreg som au pair. Det vil likevel framleis vere mogleg å hente au pairar eller praktikantar frå EØS-området, i medhald av det vanlege EØS-regelverket om fri rørsle.

Au pair-ordninga opphevast frå 15. mars 2024. Søknader som er registrerte etter denne datoen, vil ikkje bli innvilga. Au pairar som har opphald i Noreg i dag, eller har registrert elektronisk søknad på nettet og bestilt time for innlevering av fullstendig søknad om opphaldsløyve seinast 15. mars 2024, kan få opphaldsløyve i Noreg som au pair i inntil to år frå førstegongsløyvet blei innvilga.

Dei eksisterande tiltaka som skal beskytte au pairane mot misbruk vil bli videreførte så lenge det er utlendingar med gyldige au pair-løyver i Noreg. Desse tiltaka er først og fremst au pair-senteret og regelverket som gir lov til å utestenge vertsfamiliar som misbruker au pair-ordninga, frå ordninga.

Fant du det du lette etter?